<img height="1" width="1" style="display:none;" alt="" src="https://px.ads.linkedin.com/collect/?pid=2085737&amp;fmt=gif">
Collection: BOOKS, Books

Den digitale forståelsen

Gjest: Tarjei Heggernes

Forfatter

Digital Forretningsforståelse


Med Vert: Silvija Seres

I denne episoden av LØRN bokbad snakker, Silvija Seres, med forfatter, Tarjei Heggernes. Tarjei jobber på Høgskulen på Vestlandet og BI, og er opptatt av anvendelse av teknologi i forretningsdrift og pedagogikk. Heving av digital kompetanse har blitt en hjertesak for Heggernes, som den siste tiden har skrevet tredje utgave av boka Digital Forretningsforståelse som handler om å utvikle et program i digital kompetanse for bransjen. Det siste året har han jobbet med et stort prosjekt om heving av digital kompetanse i renovasjons- og gjenvinningsbransjen.

 

 

Hvem er du, personlig og faglig? 
50 år gammal mann frå Nordhordland, gift, 2 barn, glad i god te. Faglig er eg ein nerd som er opptatt av anvendelse av teknologi i forretningdrift og pedagogikk. 
 
Hva gjør din organisasjon, og hvorfor er dette viktig for deg?
 
Eg jobbar i høgare økonomiutdanning, på HVL og BI. Eg meiner vi har eit kjempestort ansvar overfor både dei unge som skal ut og endre arbeidslivet, utan at dei heilt veit kva det skal endrast til, og for dei vaksne som er i jobb, for at dei skal forstå korleis det digitale vil endre måten å jobbe på, og ikkje minst til å hjelpe dei så sjå sin eigen rolle i framtidas arbeidsliv. 
 
Hva tror du er relevant kunnskap eller evner for fremtiden?
 
Ein kollega sa at han var dreve av like mengder latskap og nyskjerrighet. Det kjenner eg med godt igjen i. Latskap er ein drivar for effektivisering, og nyskjerrighet gjør deg åpen for muligheter for effektivisering og forbedring. 
 

Nevn en person som inspirerer deg, nasjonalt eller globalt?
 
Eg er så heldig å få samarbeide med ein del folk som er 20+ år eldre enn meg som er enormt framoverlente og åpne for teknologisk endring, mellom anna Arne Selvik og Bo Hjort Christensen. 
 
Anbefalt lesing/seing? 
Eg likar godt bøkene til Brynjolfsson og McAfee (Second Machine Age, Machine Platform Crowd) fordi dei gjer digital transformasjon og samarbeidet mellom menneske og maskin forståelig, og av samme grunn likte eg godt Prediction Machines som gjer det samme spesifikt med kunstig intelligens. Anbefaler og kurset AI for everyone på Coursera. 
 

Ditt viktigste prosjekt siste året? 
Her må eg trekke fram to (men kan sjølvsagt begrense meg til eitt): Å skrive 3. utgåve av boka Digital Forretningsforståelse og å utvikle eit program i digital kompetanse for renovasjons- og gjenvinningsbransjen. I forhold til boka fekk eg god ro i starten av covid-perioden til å grave meg ned i ulike tematikker og fekk oppdatert ganske kraftig i forhold til første utgåve. 3 utgåve vart over 100 sider lenger enn 2 utgåve, og jobben satte dei tre siste åras utvikling i perspektiv. I det digitale kompetanseprosjektet for renovasjonsbransjen delvis fordi eg har fått jobbe som spelutviklar og utvikle eit dataspel som er basert på boka mi, delvis for at heving av digital kompetanse har blitt nærmast ein hjertesak for meg, og delvis fordi BIR er ein utruleg spanande bedrift i ein spanande bransje. 
 

Dine tre beste tips til styrer?
 
Å holde et godt øye med innovasjons-portefølgen til selskapet ein er styre for
Satse på å heve den digitale kompetansen/forståelsen hjå alle i styret i staden for å tilsetje eit tech-alibi
Å automatisere compliance


Hvordan bør styrer rigge for fremtiden, fra kort til lang sikt? 
På kort sikt bør dei rigge seg til for kontrollere at datasikkerhet er ivaretatt og kontrollere at verksemda dei styrer har eit skarpare fokus på substitutter og ikkje berre på konkurrentar. På lenger sikt må dei diskutere korleis dei skal forholde seg til den enorme veksten i data om drift, kunder og produkter - balansegangen mellom styret og adm er frå før delikat, kva gjer ein med denne mogelegheita til å "sjå adm i korta"?
 

Viktigste nye perspektiver fra Covid-19?
 
Personlig - heimekontor er topp! I forhold til undervisningsbransjen håpar eg det blir ein katalysator for ei endring eg har venta på lenge. 
 
Kan bærekrafts brukes som vekstmotor? 
Ja, samarbeidet med renovasjonsbransjen har opna augene mine for at alt er ressursar, og at alt er verdifullt. Har blitt oppdratt med at ein skal ta vare på alt, til frustrasjon for mor mi og seinare min kone, men den gamle tankegangen har blitt inn og viktig igjen. 
 
Ditt livsmotto? 
Eg håpar det kan stå på grava mi: Han gleda fleire enn han irriterte. Når det er sagt er det viktig å irritere litt, og eg trur eg er ganske god på det.

 

Dette LØRNER du:

Faglitteratur

Digitalisering på arbeidsplassen

Styreverden

Økonomi

Lederrollen

Anbefalt litteratur:

Bøkene til Brynjolfsson og McAfee (Second Machine Age, Machine Platform Crowd)

Podkasten Digital Forretningsforståelse på Acast

Eg meiner vi har eit kjempestort ansvar overfor både dei unge som skal ut og endre arbeidslivet, utan at dei heilt veit kva det skal endrast til, og for dei vaksne som er i jobb, for at dei skal forstå korleis det digitale vil endre måten å jobbe på, og ikkje minst til å hjelpe dei så sjå sin eigen rolle i framtidas arbeidsliv.

Tarjei Heggernes

Dette er Digital Forretningsforståelse

Denne boka analyserer det digitale rundt oss, og forklarer begrepene og teknologiene som ligger bak. Store data, nettskyen og sosiale medier blir gjennomgått før boka tar for seg det som påvirker og støtter kjernevirksomheten til bedrifter: forretningssystemene.