<img height="1" width="1" style="display:none;" alt="" src="https://px.ads.linkedin.com/collect/?pid=2085737&amp;fmt=gif">
Collection: BOOKS, Books

Norske forskningsbragder

Gjest: Unni Eikeseth

Forfatter

Norske forskningsbragder


Med Vert: Silvija Seres

I denne episoden av #LØRN bokbad snakker, Silvija Seres, med forfatter bak boken Norske forskningsbragder, Unni Eikseth. Boken belyser alt det spennende norsk forskning har å by på, og ikke minst være stolt over.

Når ble boken skrevet, og hvorfor?

I 2016, fordi eg sjølv syntest det mangla ei bok som ga oversikt over nokre norske forskingsoppdagingar.

 

Hva er det viktigste du ønsker å formidle med boken?

At vi har masse spennande norsk forsking å vere stolt over, og at all kunnskap vi har i dag bygger på nysgjerrige forskarar som har strevd for å finne svar på ting.

 

Hvorfor måtte du skrive denne boken, nå?

Fordi boka mangla!

 

Hva er det sentrale dilemmaet her for deg?

Korleis skrive om vanskelege ting på ein enkel måte!

 

Hva har du ombestemt deg om?

Eg veit ikkje om eg har ombestemt meg, men det er vanskeleg å avgjere om Gerhardt Armauer Hanssen si oppdaginga av leprabakterien kan oppvege at forskaren trakka over etiske grenser.

 

Gi oss dine 3 favoritteksempler fra boka?

Asbjørn Følling som vi kan takke for at barn kan leve godt med den farlege sjukdommen PKU (også kalla Føllings sjukdom). Forskarane Hans Krokan og  Christian Uttwer som pressa morkaker i vinpresse!  Og Gro Amdam som fann ut at eit eggeplommeprotein kan bestemme kva for ei oppgåve ei bie gjer i bikuben.

 

Hva vil du at vi skal huske fra boken, om det er en ting?

At forsking er kreativt!

 

Velg et kort favorittsitat fra boken:

Frk. Gleditsch er så liten, hun behøver ikke meget plass. Sitatet som kanskje overtydde Marie Curie om å finne plass til den dyktige unge kjemikaren Ellen Gleditsch i laboratoriet hennar i Paris.

 

Ditt neste bokprosjekt?

Bok om miljøgifter i kvardagen og kordan unngå dei – denne jobbar eg med no.

 

 

 

Dette LØRNER du:

Norsk forskere

Historie

Litteratur

NTNU

Anbefalt litteratur:

Bøker om forskarprosessar er veldig spennande, og i år som Nobelprisen i kjemi har gått til CRISPR vil eg absolutt anbefale boka av Nobelprisvinnar, Jennifer Doubna; A crack in creation.

Anbefaler også Neanderthal Man av Svante Pääbo, som handlar om arbeidet med å identifisere DNAet til neandertalarar.

 

Forskning er kreativt!

Unni Eikeseth

Dette er Norske forskningsbragder

Kjemikaren Unni Eikeseth, kjent som blant anna programleiar frå Newton, gir oss her dei mest spennande og sentrale oppdagingane frå dei siste 150 åra med norsk naturvitskapleg og medisinsk forsking. Vi kjenner forskarparet May-Britt og Edvard Moser og oppdaginga deira av celler som utgjer hjernens stadsans. Men kven andre? Eikeseth tek oss med tilbake til 1870-talet, til Gerhard Armauer Hansen og oppdaging av leprabasillen. Vi blir kjende med forskaren Sven Furberg som var sentral i løysinga av gåta om DNA-molekylets struktur. Du får historia bak stikket i hælen som alle norske barn får like etter fødselen, og du kan også lese om rolla til radiokjemikaren Ellen Gleditsch i eit aldri så lite vitskaplege drama som fann stad i radioaktivitetens tidlege historie.